Webinar – Inspirasjon til lokal foredling av mjølk

Landbruksselskapet i samarbeid med faglaga og Statsforvaltaren i Vestland arrangerar inspirasjonsdag for lokal foredling av mjølk i Vestland.

ONSDAG 26.MAI KL. 10:00 – 14:40

Webinaret vil ta opp tema råvara, tradisjonsostar, sensoriske eigenskapar, marknaden, regelverk, økonomi og korleis er det å vere gründar og bli kåra til verdsmeistar i ost?

I dag er det lite foredling av kumjølk i Vestland. Det er underdekning i marknaden for handtverksost i Norge – det er plass til både fleire ystarar, fleire typar ost eller enkle foredlingar lokalt av syrna produkt som surmjølk og yoghurt. Den gode kvaliteten på den norske mjølka er noko av årsaka til gode resultat i tevlingar.

Har du overskot på mjølk, kan løysinga vere å legge opp til foredling av 10, 30 eller 50 000 liter mjølk, med relativt små og enkle investeringar på garden?

Vil du vete meir om dette spennande tema? Klikk knappen for å laste ned Mjølkeforedling – strategi for garden.

Artikkelen gir deltakar god informasjon kring tema foredling av lokal mjølk forutan lenker til fleire gode artiklar og nyttig informasjon knytt til tema.

Velkommen til deg som lurer på å foredle mjølka di sjølv eller samarbeide med nokon som vil starte ysteri. Gjennom dagen ønskjer vi å inspirere og gi deg innblikk i kva arbeid som ligg bak ein ost.

Formål
Kursa gir deg innsikt i det å foredle eiga mjølk, omfang og oversikt over kva kunnskap du treng for å starte. Med foredlingskvote kan du auke mjølkeproduksjonen eller samarbeide med eit handverksysteri. Dette kan gi auka verdiskaping på garden, fleire arbeidsplassar og auka matproduksjon.

Målgruppe
Gardsbruk i Vestland med kvote på 50 000 – 100 000 liter mjølk, der bonden har interesse for foredling eller ysting og kan tenkje seg å starte eit handverksysteri.

Aktivitet
Inspirasjonsdag gir ei innføring i kva mogelegheiter som ligg i ysting av eiga mjølk, marknad og regelverk.

Påmeldingsfrist
25. mai kl 19:00 2021

Program

ONSDAG 26.MAI KL. 10:00 – 14:40

10:00 – 10:10

Velkomen – kvifor mobilisering på ysting?
Marit Hjortung, Statsforvaltaren i Vestland

10:10 – 10:50
Tradisjonsostar inn i framtida, ysteriverda
Pascale Baudonnel, Ystebui og Ysteteknolog/kursleiar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule

10:50 – 11:30
Frå idè til første marknad og smaking av ostar
Jørn Hafslund, Ostegården

11:30 – 12:15
LUNSJPAUSE OG BEINSTREKK

12:15 – 12:55
Smaking av ostar og sensoriske eigenskapar, på eit teoretisk plan – «Norske ostar i eit internasjonalt perspektiv»
Jan Peter Aursnes, Osteperler

12:55 – 13:35
Regelverk, marknad, drift, økonomi, HACCP
Aud Slettehaug, Kompetansenettverk lokalmat Vest

 

13:35 – 13:45
BEINSTREKK – PÅFYLL AV DRIKKE

GRUPPEROM – KVA ØNSKJER DU Å VETE MEIR OM?

13:45 – 14:05
Grupperom 1 – Frå ide til første marknad – Tradisjonsostar inn i framtida
Har du spørsmål til innleiarane – fyr laus!

Jørn frå Ostegården og Pascale Baudonell, Ystebui og ysteteknolog

14:05 – 14:25
Grupperom 2 – Smaking av ostar og sensoriske eigenskapar – Regelverk, marknad, drift, økonomi og HACCP. Har du spørsmål til innleiarane – fyr laus!

Jan Peter frå Osteperler og Aud frå Kompetansenettverk lokalmat Vest

14:25 – 14:40
Avslutning

Jan Peter Aursnes

https://osteperler.no/

Pascale Baudonnel

Pascale Baudonnel er utdanna ysteteknolog i Frankrike. Ho har arbeidd som ostefagleg rådgjevar ved ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule sidan 1998. Ho har vore budeie og geitebonde i 30 år, driv i dag Ystebui og er tilsett på Undredal Støylsysteri.

Aud Slettehaug - Kompetansenettverket

Aud Slettehaug

Aud Slettehaug er dagleg leiar for Kompetansenettverket i Vest-Norge ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Ho har utdanning i marknadsføringsleiing og merkevareleiing. Erfaring frå sal, marknadsanalyse og drift av Bondens Marknad. Kompetansenettverket i Vest-Norge tilbyr kurs i ysting for heile landet. Aud er sjølv mjølkebonde.

1
WEBINAR ONSDAG 26.MAI KL. 10:00 – 14:40
4 t 40 m
Legg til ønskeliste
Påmeldt: 10 studenter
Varighet: 4 timer, 40 min
Leksjoner: 1
Vi bruker cookies for å gi deg en bedre brukeropplevelse. Ved å akseptere og bruke nettstedet videre, godkjenner du bruk av cookies.
0
    0
    Handlekurv
    Handlekurven er tomTilbake til oversikten