Ta kurs i dag

Budsjettet - Få det på plass

Økonomikurs i 4 deler, som dekker tema salgsbudsjett, dekningsbidrag, kostnader og driftsmarginer
Write your awesome label here.

Kursinnhold

Budsjett – kom deg i gang

Del av vårt tema om økonomi og budsjettet - introduksjonsartikkel her: Det nødvendige økonomiske kretsløpet. 

Kurset du no har fått tilgang til er eit sjølvstudium i budsjett. Her får du det du treng for å få i hamn eit driftsbudsjett - inntekter, variable kostnader, faste kostnader, lønn, finans og overskot. Samt finne dine nøkkeltal enten du skal sette opp ein søknad for prosjektet ditt eller planlegge for dei neste månadane eller eit årsbudsjett. Budsjett er noko ein må hoppe i og sette av litt tid med, men då er det lurt å vete kva ein skal budsjettere. Det er det vi gir deg her no - filmane er meint som ein inspirasjon der Aud Slettehaug tek deg gjennom nokre begrep og knaggar å feste tankemåten på. Aud er leder for Kompetansenettverket Vest, har utdanning i øknomi, leiing og merkevareledelse. Samt erfaring frå produksjonsbedrifter både innan mat og prosessindustri. Les først artikkelen om det økonomiske kretsløpet her, deretter kan du sjå videoane så mange ganger du vil. Vi har laga til nokre spørsmål, foto som notater og nokre rekneark som du kan laste ned og tilpasse di bedrift. Reknearka ligg også som printbare pdf, der du kan skriv inn for hand om du ynskjer det.

Budsjetta du treng:
  • Inntekter
  • Varekostander
  • Arbeid og lønnsbudsjett
  • Faste kostnader

Nøkkeltala du treng:
  • Dekningsbidrag
  • Driftsmargin

    Eigen leksjon for likviditetsbudsjett finn du i eige kurs om likviditetsbudsjett her på nokurs - det kan du ta når du skal planlegge pengestraumen i selskapet ditt. Ein øvelse vi ikkje kan understreke no kor viktig er. Og tek heller ikkje lang tid å få på plass, men må gjerast. Sett av ein time til å gå gjennom stoffet lese og lytte. Ta fram rekneskapen din frå året før og finn fram kostnadane, sett det inn i reknearket og framfør inntekter til neste periode.  Skal du tenke deg fram til tidsforbruk og kostander kan du ta kontakt med oss - så har vi ein del hjelp på dette området. Du treng 3-5 timar på dette og då skal du ha budsjett på plass og klare å sjå om du må gjere tiltak.

Tiltak dersom underskot

  • Auke prisen
  • Kutte produkt/aktivitetar som ikkje bidrar til overskot
  • Kutte kostnadar
  • Identifisere kva produkt som har høgast dekningsbidrag.
  • Auke marknadsaktiviteten, for eks antall dagar på Bondens marked.

Ved overskot

  • Kontroller om overskotet er reelt, ofte kan det vere for optimistisk i ein planleggingsfase.
  • Identifiser kva som er flaskehalsar/nøkkelfaktorar som kan hindre deg i å oppnå eit slikt overskot. Tid er då ofte ein faktor. Hugs at døgnet har berre 24 timar.

Kurset vert også brukt som oppvarming til våre grunnkurs i foredling. Målsettinga er at du skal klare å plassere kostnadar på rett stad i det økonomiske kretsløpet i bedrifta. Det å styre etter budsjett, ein plan for økonomien gjer at du lettare klarer å gjere dei rette prioriteringane i kvardagen. Budsjett er ikkje ein fasit eller ein plan du MÅ fylje, men eit overslag som sikrar at du gjer dei aktivitetane som faktisk gir overskot. Å vere utseld for ei vare er også ein kostnad….

Det digitale kurset her er ein oppfølging av samarbeid mellom Kompetansenettverk Lokalmat og Bondens marked vinter/vår 2021.
Økonomikursene har blitt realisert takket være økonomisk støtte fra Landbruksdirektoratet (nasjonale tilretteleggingsmidler over jordbruksavtalen). 

Om kursansvarlig

Kompetansenettverket Lokalmat Vestland

Beskrivelse...
Kursansvarlig
Beskrivelse...

Aud Slettehaug

Leiar Kompetansenettverket
Write your awesome label here.

Følg Kompetansenettverket hos Nokurs

Abonnér på nyhetsbrev

Gå ikke glipp av kurs og andre nyheter - fyll ut skjema under og motta siste nytt direkte i din innboks!
Takk for din påmelding