Vestland fylke - Sogn Jord og Hagebruksskule

Kompetansenettverket i Vest-Norge

Lokale mat- og serveringsbedrifter kan få fagleg hjelp gjennom Kompetansenettverket. Vi er eit av 5 kompetansenettverk i Norge, og vi har aktiviteter på vestlandet.
Write your awesome label here.

Våre kurs

\Learnworlds\Codeneurons\Pages\ZoneRenderers\CourseCards
Write your awesome label here.
Kompetansenettverk lokalmat

Besøksordninga

Gjennom denne ordninga kan verksemda di få besøk av ein matfagleg eller forretningsfagleg person, og de vil såleis hjelpe bedrift di ved ulike problemstillingar dei står ovanfor. Det kan til dømes vera spørsmål knytta til utforming av godkjent produksjonslokale, produktutvikling, emballasje, marknadsføring og kalkylar.

Du kan få hjelp innan alle fagområde du må innom på vegen frå råvareproduksjon til ferdig pakka og selt produkt. Eit slikt besøk er gratis for verksemda.

Ved behov kan ein få tilbod om vidare oppfylgjingsprosjekt med ei kostnadsramme på inntil 30 000 kr. Av dette er det ein eigenandel på 20% som verksema må dekkje sjølv.
kompetansenettverk lokalmat

Matkontaktar

Matkontaktane kan gje verksemdene hjelp og rettleiing over telefon eller gjennom besøksordninga. Matkontakten er rådgjevar, samtalepartnar og formidlar av kunnskap på bakgrunn av eiga erfaring, eller vidareformidlar kontakt med andre kompetansepersonar og relevant teknologi. Matkontakten kan fylgje opp bedriftene eller bidra til å etablere ei besøksordning.
Kontaktinformasjon
Aud Slettehaug
 Sogn Jord- og Hagebruksskule Ressurssenter
 +47 47 37 57 39
 aud.slettehaug@vlfk.no
 Sogn Jord- og Hagebruksskule, 5745 Aurland
Kompetansenettverket og samarbeidspartar

Våre kommande hendingar